top of page
linnkristin87

Grove polarbrød😊

Dei blei utrulig gode.

Fantastisk til frokost, matpakke, turniste, lunsj, til suppe og kvelds.

Desse kan fryse ned og tar dei opp når ein har lyst på, har du dei i ovnen på 170 grader i 5-10 min eller i brødrister for eksempel.

Du treng til ca 24 stk:

100 gram rugmel

200 gram sammalt kveitemjøl

150 gram havremel

250 gram sammalt spelt

250 gram kveitemjøl

men bruk den mjølen du vil, eigentleg ville ikkje eg bruke kveitemjøl, men hadde ikkje fint speltmel denne gangen.

1/2 pose tørrgjær

1 ts honning eller sukker (eg brukte kokosblomstsukker)

1 ts salt

4,5 dl melk- varm opp i kjele finger temperatur

2 dl vatn- finger temperatur

100 gram smør i terninger


Framgangsmåte:

Ha alt det tørre i bakebolle sammen med gjæren.

Tilsett melk og vatn å køyre i kenwood maskina på lav hastighet til det er godt blandet, så sett på middel hastighet i ca 10 min. Tilsett terninger med smør, køyre i ca 8-10 min.

Deigen skal være smidig, viss den er litt bløt ha i litt meir mjøl i eller viss den er for

fast ha litt vatn i.

Sett til heving i ca. 1 time.


Del i to emner, kvar emne blir ca 12 jevne boller. Kjevl bollene til ca 1/2-1 cm, ca 12 diameter.

Legg på brett med bakepapir, prikk dei med en gaffel. Hev dei i 30 min under et kjøkkenhåndkle.

225 grader midt i ovnen, i ca 8-10 min.

Legg på rist, med kjøkkenhåndkle over.


Desse er ypperlig å fryse ned og ha i kjøleskapet 👌

10 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


Post: Blog2_Post
bottom of page